Empty Bottles, Broken Hearts på The Crossroad Club i Oslo – 24. november 2012
I konkurranse med jubileet til Hellbillies i spektrum klarte Empty Bottles Broken Hearts å fylle Crossroad Club i Oslo på sleppturné for singlen “How Can You Be So Close (And So Far Away)”. Dei har spelt denne ei stund live, men ein god grunn til å feste lar ikkje desse folka gå ifrå seg. Dei gir ut vinyl-singlar i stort fart og rekk denne gongen å gi ut ein jule-single før dei var ferdige med sleppturnéen for den førre. Men det er greitt, vi er klare for jul, vi, med berre éin månad til julaftan.
Empty Bottles Broken Hearts (EBBH) spelar gamaldags country i stor stil. Det sju manns store bandet går ikkje i alternativ-fella, det er heilt sikkert. Når altfor mange er opptatte av å utfordre sjangergrenser og ender opp som utvatna indie-folk-pop gjer EBBH det motsette og dykkar ned i den klassiske countrymusikken. Og dei gjer det bra. Det er forfriskande og herleg. Eit kvalitetsteikn er at bandet ustanseleg bytar instrument mellom seg. Dei spelar fleire instrument kvar og ikkje mindre enn fire av dei sju er innom sentermikrofonen. No er det Agnes Rokkan som har størst kapasitet som vokalist, så akkurat dét kunne dei kanskje tona ned. Men likevel, her går mandolin, gitarar av ymse slag og tromme (i eintal) på rundgang. Vegard Urne spelar meir steel-gitar enn sist eg såg dei. Han har gjort Johnny Cash-move-en der han held gitaren opp mot akselen som eit gevær ein gong for mykje og fått klår melding om å sette seg ned. Kanskje. Uansett gir det meir fylde til lyden. Lars Arne Lindland spelar enda lengre maraton-soloar frå start til mål. Agnes Rokkan har sjølvsikker aura som ei popstjerne og sideshow Helge Tveit held oss i ande med fjas mellom låtane. Eit komplett band!
Men publikum ein laurdagskveld på Grünerløkka var ikkje så veldig interesserte i å høyre på, men ville heller bruke musikken som bakgrunnstøy til hard festing. EBBH budde på eit nesten balladeluast sett, men dei fanga ikkje merksemda til heile salen gjennom heile konserten. Det kan ha vore lyd-nivået som var litt lågt eller dei berre ikkje klarte å engasjere heile salen utover blodfansen (vennar og kjende?) som stod heilt frammast. Kanskje dei kunne klart å formidle meldinga “høyr på oss no, det blir fest etterpå” slik som t.d. Ila Auto gjer med stort hell?
Vilde Tuv, som varma opp hadde enda større problem med å fange merksemda til eit lettare salong-berusa publikum der ho sat på scenen med gitar og tromme. Eg fikk assosiasjonar til Phoebe frå den store ungdoms-tv-serien på 90-talet, Friends. Dei som har sett tv-serien skjønar kva eg meiner. Men var ikkje akkurat Smellycat, ho viste fram gode kvalitetar som vokalist, men totalen blei litt for lite engasjerande for dette publikumet.
Likevel må ein oppsummere heile kvelden som ein fantastisk norsk countrykveld med ungdommen i norsk country. Dei som liker både gamalt og nytt rakk også litt av begge delar denne kvelden.
Reporter: Jens Morten Nilsen – Fotograf: Johannes Andersen


