Kris Kristofferson i Bakkenteigen Kulturhus – HELP ME MAKE IT THROUGH THE NIGHT

HELP ME MAKE IT THROUGH THE NIGHT
– Kris Kristofferson på Bakkenteigen Kulturhus

Eit lite kulturhus i ein liten by i eit lite land har for andre gong fått besøk av ein legende, sa sjefen for Bakkenteigen kulturhus i Horten, Gunnar Hofsøy. Det har gått 5 år sidan sist då Kris Kristofferson vaggar inn på scenen og spør korleis det er å betale så mykje for å sjå ein gamal fjomp som han snyte seg. Kris er absolutt ein legende og har utstrålinga til ein legende, men forkjøla blir han like fullt.

Utanfor countrymusikken er Kris Kristofferson truleg mest kjend for å ha skrive “Me and Bobby McGee”, gjort kjend av Janis Joplin. Men ein kulturhuskonsert er like tru mot sin sjanger som Kristofferson: Her er det mykje grått hår, og eg meiner ikkje berre på scenen, dei 450 frammøte lyttar andektig og gir høfleg torsdagskveld-applaus etter kvart nummer. Det var dessutan mange som klappa då han drog i gang den eine meir kjende låten etter den andre. Her var “Sunday Morning Coming Down”, “Silver Tounged Devil”, “For The Good Times”, “Help Me Make It Through The Night”, osb osb.

For det var som låtskrivar på 70-talet Kris Kristofferson slo igjennom. Og ettersom kjente artistar ville synge låtane hans kunne han vel spele dei sjølv? Han lot seg ikkje stoppe av at han ikkje kan synge. Og gitarspelet skrantar for ein 78-åring. Han har aldri vore særleg god til det heller, unnskyldte han seg. Han har ein lang karriere bak seg som låtskrivar, artist og kompanjong til menn som Willie Nelson og Johnny Cash. Trass sin høge alder har han nettopp gitt ut eit nytt original-album som får gode kritikkar.

Tim Mcgraw spelte inn ein låt som heitte “Kristofferson” i 2008. Låta fikk mykje kritikk for “name-dropping”, men dette var etter Taylor Swift gav ut “Tim McGraw” (2006) og neppe verre. Uansett, skildringa kunne like gjerne vore av konserten i går:

I’m gonna tell you how I feel
Straight up, genuine and real
[…]

In each line you’re gonna hear
It’s my fault and I miss you
I know it won’t be in time, it may not even rhyme
But all it has to be is true 

Og det var vel akkurat det vi fikk. I ei verd der Leonard Coen og Stein Torleif Bjella er kongar må ein digge dette. Då dottera til Kris, 22 år gamle Kelly Kristofferson, kom på scena gav det eit løft til konserten. Med ei klår og ung røyst som passa perfekt saman med farens gamle og rustne. Ho fikk vere med på dei siste ekstranummera òg, og etter halvannan time gikk dei av scenen saman med blomar i henda og eit publikum som hadde fått det dei kom for og meire til bak seg.

Tekst av Jens Morten Nilsen – Foto av Tom Atle Bordevik

Se disse bildene på Facebook (for å like, tagge og dele videre enkeltbilder)

Kommentarer: