The Palereidars Roots og blues band er klare for den verkelege verda
Med gladsongen «Yamaha» er figuren Palereidar klar for den verkelege verda!
Hør låten på Spotify under:
Palereidar har 4 grunnreglar i komposisjon som han har lært i Amerika:
- Bruk aldri meir enn 3 akkordar.
- Songar skal handle om damer eller ting med motor (helst begge delar)
- Det skal være lett for alle å synge med.
- Bruk alltid hatt.
Denne oppskrifta kom ut i bokform i 2015 i juliutgåva av bokserien «Dei travle dagane».
* Fyrste sjanse til å høyre «The Palereidars Roots & blues band» live vert på Svanøy den 22. juli.
– Dei som har lest «Dei travle dagane» veit at Palereidar har eit lite problem med å hugse tekstar i stressa situasjonar. Difor slepp vi låtane no, så folk kan lære seg tekstane, og sufflere Palereidar på konserten…
Seier Lisa Myklebust, styreleiar i plateselskepet hans Palereidar.