Earlybird Stringband på Riksscenen torsdag 29. august
I krysninga mellom norsk folkemusikk og amerikansk blågras finn vi den nye plata til Earlybird Stringband. “Lassofolk” blei lansert med ein stor og utseld fest på Riksscenen i Oslo torsdag 29.8.2013. Her var det to konsertar der bandet spelte igjennom heile plata, visning av stumfilm med pianoakkompagnement, oppvarmingsband (ok, ein oppvarmingskis) og foajéband (Earlierbirds, tidlegare bandmedlemmer sett saman i høve dagen). Men kan ein gjeng flinkis-musikarar frå høgskulen på ein snobbete Riksscene gi country til folket?
Oppvarmingskisen Johan Jørgensen viste seg å vere to delar Stein Torleif Bjella og éin del Lars Lillo Stenberg. Det var tre akkordar og sanninga, triste songar som passar som bakgrunnsmusikk deppe i garasjen. Eller på Valkyrien stasjon, om du vil.
Frontfigur Hans Martin Austestad stilte med ny Bono-bart (eller for dei banjo-innvigde: Ron Block-bart) og var saman med heile bandet i storslag då den første hovudkonserten starta berre litt etter det stramme tidsskjemaet. Bandet spelte akustisk og utan mikrofonar i eit lite lokale med plass til 70 publikumarar i hestesko.
Publikum var som vanleg på Earlybird-konsert dominert av studievenner av bandet, familie og venner saman med eit fast inventar av folkemusikk-publikum på Riksscenen. Blågrasfansen, om det var nokon der, kunne sole seg i glansen frå Ila Autos Matias Hilmar Iversen i salen. Men kunne morgonfuglane nå opp til Autos folkelege sjarm og publikumstekke? For sjølv om folkemusikk er folkeleg i namnet, er det høgkultur i 2013 og den sosiale avstanden til country er ganske lang.
Men om det er ein ting Ila Auto manglar musikalsk, så er det ein skikkeleg felegnikkar – og det har Earlybird til gangs. Erlend Viken har ansvaret for nær halvparten av dei over 80 strengane bandet seier dei har med seg på scenen og spelar solo som Santana gjennom heile settet på fele etter fele etter fele. Der han er ein pliktoppfyllande gladgut, står Christian Skaugen på dobro og nemnde Hans Martin for ein meir rampete stil. Ein framstår brått betydeleg mindre intelligent med bart og banjo og det er lett å tenkje på scena frå “Picnic med døden” der landsbyidioten sat og stirra tomt framfor seg under eit tre og spelte banjo i aukande fart.
Å spele norsk folkemusikk med amerikanske instrument er jo ein god idé. Er det verkeleg ingen som har tenkt på det før? Men kanskje blir trippar, springar, vals og halling litt for sært for eit generelt konsertpublikum? Her var det ikkje Dueling Banjos (som i Picnic med døden), det var dueling kontrabassar mellom ny og gamal bassist. Det er umogleg å ikkje bli storimponert over handverket dei visar fram.
Earlybird Stringband hadde verkeleg gått inn for å lage ein heilaften og sjølv om “foajébandet” og oppvarmingsmannen var litt bleike i samanlikning med hovudattraksjonen fikk dei 140 som hadde sikra seg billett både kvalitet og kvantitet for pengane.
Reporter: Jens Morten Nilsen


